Artikkel fra kyst.no
Den offiselle opninga av utstyrsleverandøren ScaleAQ sin nye produksjonhall på Serklau på Bømlo, vart feira med talar, kake og snorklipping torsdag 28. april.
Produksjonhallen ligg vis á vis Bremnes Seashore sin sjøbase, og det var mange innenfor havbruksnæringa som hadde teke turen for å være med på festopninga.
Rivande utvikling på Bømlo
Njål Tvedt, regionsjef for ScaleAQ region sør, fortel til Kyst.no at dei no er enno betre rusta for å møte etterspurnaden i marknaden med den nye fabrikken, og at både regionen og satsinga er viktige for Scale AQ nasjonalt.
Site-manager for avdelinga på Bømlo, Ståle Ytrøy, ønskte velkomen til dei frammøtte, saman med salsdirektør Åsmund Håvik .
– Me er veldig stolte og glade over at Scale AQ satsar her på Bømlo. Då eg begynte her i 2017 var dette berre ein grusplass, no har me fått på plass ein stor og flott produksjonshall, sa Ytrøy frå scena.
Les også: Utstyrsleverandør ferdigstiller splitter ny produksjonshall
Stor augneblink for Scale AQ
ScaleAQ si avdeling på Bømlo tel i dag 22 tilsette, men har som målsetting å runda 30 tilsette innan 2023.
Også Nina Ingvaldsen i Bømlo Næringsråd og Nina Olufsen, kommersiell direktør for Scale globalt, haldt talar på den store dagen. Dei la begge stor vekt på betydninga av lokale arbeidsplassar då dei inntok scena.
– Dette er ein stolt augneblink for oss i Scale, og eg er utrulig glad for å få lov til å vera med å opna den nye produskjosnhallen, sa Olufsen.
Utover dagen vart opninga feira vidare med mykje god mat, fleire talar og mini-konsert med den lokale underhaldaren Heine Totland.
Aukar produksjonen
ScaleAQ tel i dag 800 tilsette globalt der 320 av desse er tilsette i Noreg.
I den nye produksjonhallen på Bømlo skal Scale produsera kamera og anna utstyr til oppdrettsnæringa. Hallen vil også bli nytta til å gjennomføra inneservice og reparasjonar på utstyr, samt lager til fôringssystem.
Med nysatsinga får ScaleAQ større plass til å produsera nøter og fortøyningsutstyr, og ute på området vil dei også auka produksjonen av flytekragar


