ScaleAQ opna ny produksjonshall på Bømlo

Artikkel fra kyst.no

Den offiselle opninga av utstyrsleverandøren ScaleAQ sin nye produksjonhall på Serklau på Bømlo, vart feira med talar, kake og snorklipping torsdag 28. april.

Produksjonhallen ligg vis á vis Bremnes Seashore sin sjøbase, og det var mange innenfor havbruksnæringa som hadde teke turen for å være med på festopninga.

Rivande utvikling på Bømlo

Njål Tvedt, regionsjef for ScaleAQ region sør, fortel til Kyst.no at dei no er enno betre rusta for å møte etterspurnaden i marknaden med den nye fabrikken, og at både regionen og satsinga er viktige for Scale AQ nasjonalt.

Site-manager for avdelinga på Bømlo, Ståle Ytrøy, ønskte velkomen til dei frammøtte, saman med salsdirektør Åsmund Håvik .

– Me er veldig stolte og glade over at Scale AQ satsar her på Bømlo. Då eg begynte her i 2017 var dette berre ein grusplass, no har me fått på plass ein stor og flott produksjonshall, sa Ytrøy frå scena.

Les også: Utstyrsleverandør ferdigstiller splitter ny produksjonshall

Stor augneblink for Scale AQ

ScaleAQ si avdeling på Bømlo tel i dag 22 tilsette, men har som målsetting å runda 30 tilsette innan 2023.

Også Nina Ingvaldsen i Bømlo Næringsråd og Nina Olufsen, kommersiell direktør for Scale globalt, haldt talar på den store dagen. Dei la begge stor vekt på betydninga av lokale arbeidsplassar då dei inntok scena.

– Dette er ein stolt augneblink for oss i Scale, og eg er utrulig glad for å få lov til å vera med å opna den nye produskjosnhallen, sa Olufsen.

Utover dagen vart opninga feira vidare med mykje god mat, fleire talar og mini-konsert med den lokale underhaldaren Heine Totland.

Aukar produksjonen

ScaleAQ tel i dag 800 tilsette globalt der 320 av desse er tilsette i Noreg.

I den nye produksjonhallen på Bømlo skal Scale produsera kamera og anna utstyr til oppdrettsnæringa. Hallen vil også bli nytta til å gjennomføra inneservice og reparasjonar på utstyr, samt lager til fôringssystem.

Med nysatsinga får ScaleAQ større plass til å produsera nøter og fortøyningsutstyr, og ute på området vil dei også auka produksjonen av flytekragar

Se bilder fra åpning her

[kontaktperson_single]

You must be logged in to post a comment.
keyboard_arrow_up