Moster blir kraftsenteret til ScaleAQ i sør

Artikkel fra Bømlo-nytt 07.04.2022

Det er ingen tvil om at med alle investeringane som er gjort på Moster, og satsinga vår her, blir dette eit tyngdepunkt for konsernet i sør-Noreg.

Dette seier dagleg leiar for ScaleAQ si verksemd på Serklau på Moster, Ståle Ytrøy og Åsmund Håvik, salsdirektør for ScaleAQ i Noreg.

– Det har vore ei rivande utvikling på ganske få år her på Moster, seier Ytrøy og humrar bak skrivebordet på kontoret sitt i det nye, enorme produksjonsbygget som er reist på Serklau.

Det vart teke i bruk av verksemda på tampen av fjoråret.

Satsing som viser att

36 MÅL: På Serklau har ScaleAQ eit produksjonsområde på 36 mål. – Nyleg hadde me 12 oppdrettskragar på land og sjø her. Då var det fullt, seier salssjef Åsmund Håvik og plassjef Ståle Ytrøy. Foto: Nils-Tore Sele

– I mars 2017 var eg einaste tilsette her. No er me 16 stykk som arbeider her, over påske er me 25 og mot slutten av året har me nok passert 30 tilsette, poengterer Ytrøy. – Me ser altså fram mot bortimot ei dobling av arbeidsstokken i år. Det er me veldig nøgde med.

– Rett over påske er alle som har arbeidd ved Frakkagjerd-avdelinga vår på plass her på Moster. Me gler oss stort til å bli fleire, seier den daglege leiaren, eller site manager, som den internasjonalt klingande tittelen på stillinga hans er.

– Dette er eit stort framsteg. Eit fantastisk kjekt bygg. Som bømlingar likar me veldig godt at konsernet me arbeider for vil satsa her. Med tanke på den operative sida i ScaleAQ på Vestlandet og sør-Noreg, så blir Moster eit tyngdepunkt. Her produserer me store oppdrettsringar, her er det stort lager for kundane våre, her blir det fortøyingsproduksjon og her får me service på videoutstyr som me produserer for oppdrettsnæringa, i tillegg til at det også blir eit knutepunkt for uteservice på oppdrettsanlegg. Heile verksemda vår er ei skikkeleg storsatsing innan både produksjon og service, understrekar Ytrøy.

– Dette er av dei aller største satsingane infrastrukturmessig til ScaleAQ her til lands no. Den største 2022-happeningen i konsernet skjer her på Moster, Bømlo. Moster er blitt ein av dei viktigaste stadene for ScaleAQ i Noreg, saman med Torvika ved Harstad i nord og Frøya i Trøndelag, understrekar salsdirektør Håvik.

– Dette er «perlo»

VELFERD: – Å byggja team er viktig, seier Ståle Ytrøy, medan han viser den nye personalkantina i det store produksjonsbygget. Foto: Nils-Tore Sele

– Kva er grunnen til at ScaleAQ har satsa så tungt her på Moster?

– Dette er «perlo», ikkje sant? Eg plar seia det internt i konsernet, seier Ytrøy. – Og sjefane oppover i konsernet, dei skjønnar kva eg snakkar om!

– Det ligg veldig sentralt til. Her er me midt i eit område med mykje oppdrett, både i Sunnhordland og i Hardanger. Her på Serklau ligg me sentralt til sjøvegen, det er kort veg inn og ut for kundane våre, og dei treng rask hjelp. Det er nok ein viktig grunn for satsinga. Så har nok også ScaleAQ veldig tru på plassen, me har fått det veldig godt til på få år, seier Ytrøy, og viser til at bømlaavdelinga har fått mykje ros internt i konsernet for gode resultat, god jobbing og ikkje minst eit veldig godt arbeidsmiljø.

– For kort tid sidan hadde me ei samling her ved avdelinga. Det var 100 stykk med på den frå ScaleAQ-systemet, mellom anna frå hovudkontoret i Trondheim. Då viste me rundt, og fekk mykje godord. For oss som jobbar her, handlar det om å byggja gode team. Kontinuerleg forbetring er bedriftsfilosofien, det handlar om å gjera det lettare, betre og meir effektivt. Då må me vera proaktive og inkluderande. Eg er kvar dag nede i produksjonen og held kontakten med dei som arbeider der. Vert folk høyrd og lytta til, kjem dei også med gode idéar. Me har ein fin gjeng som jobbar her. Dei er motiverte og flinke, rosar Ytrøy.

Oppdrettsringar i fleng

SÆRPREG: Møteromma til ScaleAQ på Moster har fått lokale namn. – Artig å høyra uttalen på stadnamna våre når trønderar kjem og tingar plass, seier Ståle Ytrøy. Foto: Nils-Tore Sele

– Dette bygget har ei grunnflate på 1.600 rutemeter. ScaleAQ leiger bygget og produksjonsområdet her på Serklau av Moster Eiendom AS, eit selskap tilslutta Caiano-konsernet. Me har ein langsiktig avtale, og sidan bygget er skreddarsydd for vårt føremål, har me tenkt å vera her lenge, smiler Ytrøy.

– Det har skjedd store ting på uteområdet også?

– Ja, definitivt. Me har no eit 36 mål asfaltert produksjons- og samanstillingsområde for dei store oppdrettsringane som me lagar. Her har me det ganske fint og ryddig. Det er godt med god plass. Somme tider har me tre slike ringar som blir sett saman samstundes, og då trengst det plass. No har me nett sjøsett ein 200-metring som me kallar dei for. Desse er dei største me produserer. Vanlegvis har oppdrettsringane me lagar ein diameter på mellom 160 og 180 meter. Du skulle vore her for ei vekes tid sidan, flirer Ytrøy, – då var det 12 slike ringar rundt oss, både på sjø og land. Det var ikkje mykje ledig plass her, då!

Stålset seg for internasjonale utfordringar

DIGERT: Det store produksjonsbygget er rusta ut med eit stort lager. Foto: Nils-Tore Sele

– Kor mange oppdrettsringar produserer de årleg?

– Snittproduksjonen dei siste åra har lege på rundt 70 slike ringar, men me har også vore opp mot 100 i året. Det skjedde i 2019. Med satsinga som no er gjort på Moster, så har me ingen problem med å produsera godt over 100 ringar i året, men faktorar som tilbod og etterspurnad vil alltid regulera dette, seier Ytrøy.

– Me er også sårbare for ytre faktorar, som krigen i Ukraina og kva det har å seia for tilgangen på, og ikkje minst prisane på stål. Dei siste vekene har det vore ein prisoppgang på mellom 30 og 40 prosent på stål. Det handlar rett og slett om å få tak i stål. Og der er norsk oppdrettsnæring små, i konkurransen med dei store skipsverfta kringom i Europa som no handlar inn stål. Der er me som ein mygg å rekna samanlikna med dei, seier salsdirektør Håvik.

På Moster blir det lagt opp til stor vekst framover

PRODUKSJON: – Her skal det produserast fortøyingar til oppdrettsanlegg, viser Ståle Ytrøy. Foto: Nils-Tore Sele

– Men me ser positivt på det framover, mot dei store linjene. Me har ei veldig tru på satsinga her på Moster. I år ventar me oss ein omsetnadsvekst på 38 prosent, og sjølv om det no er skjer i sjøen med det som skjer i Europa, har me von om å greia dette, seier Håvik vidare.

– Det er sikkert at me kjem til å få meir å gjera no, og då aukar også omsetnaden, fortel Ytrøy.

ScaleAQ er eit internasjonalt orientert konsern, men er også store på landsbasis. Tyngdepunktet i den norske delen av konsernet er i Midt-Noreg. Dette står for 50 prosent av omsetnaden. Sør-Noreg står for 35 og Nord-Noreg for dei siste 15 prosentane.

SERVICE: Ståle Ytrøy i verkstaden der teknikarar skal utføra service og reparasjonar på videoutstyr som konsernet sel til oppdrettsbransjen. Foto: Nils-Tore Sele

Er ei viktig brikke i konsern-puslespelet

– På landsbasis omsette ScaleAQ for 1,8 milliardar kroner i 2020. I fjor var dette auka til 2,7 milliardar kroner. I år budsjetterer konsernet med 3,3 milliardar kroner i omsetnad. Og med tanke på at me her i sør står for 35 prosent av omsetnaden, så er det klart at avdelinga på Moster spelar ei viktig rolle i dette biletet, understrekar Håvik overfor Bømlo-nytt.

– For konsernet har me som mål at me innan utgangen av 2025 skal ha dobla omsetnaden frå 2021, og då liggja på nærare seks milliardar kroner. Det er venta at innanlandsmarknaden vil stå for den største delen av veksten, fortel han vidare.

– For det som kjem til å skje for Moster sin del, trur me at sjansen er stor for at me om få år har vakse ut av det som no er nytt. Her vil det bli rom for ytterlegare utbyggingar, det kjenner eg meg ganske trygg på, seier Håvik.

– Heldigvis så har Moster Eiendom AS sikra seg høve til å få tak i ytterlegare areal til kommande utbyggingar. Også eg trur at det vil bli trong for meir plass. Når me får fortøyingsproduksjonen skikkeleg i gang, og det ser me ikkje full effekt av før til neste år, så er dette ein produksjon som krev mykje plass til lagring, fortel Ytrøy.

Lagar til opningsarrangement etter påske

DIGERT: ScaleAQ leiger bygg og tomt på Serklauv av Moster Eiendom AS, eit selskap i Caiano-gruppen. – Langsiktige leigeavtalar er på plass. Nybygget er skreddarsydd for oss, fortel Ståle Ytrøy. Foto: Nils-Tore Sele

I slutten av april inviterer ScaleAQ bømlingane til å komma på vitjing til det nye anlegget på Moster.

– Me vil meir enn gjerne ha vitjing, og inviterer til offisiell opning, seier Ytrøy.

Det blir lagt opp til eit tettpakka påmeldingsarrangement ettermiddag og kveld 28.april. Mellom anna blir det tale av ordførar Sammy Olsen, snorklypp, sjøsetting av ein nyprodusert flytekrage, ulike standar på produksjonsområdet som syner aktiviteten til ScaleAQ på Moster, tevlingar og ein minikonsert, passande nok, med Heine Totland, frå Moster.

– Då håpar me at mange kjem og blir med oss. Sidan hallen stod ferdig og me kunne flytta inn, har me opplevd stor og positiv interesse knytt til oss. Mange er interessert i å høyra om oss, og fortel oss samstundes at dei synest at me har fått det fint her på Serklau. Det er veldig kjekt å oppleva, seier Ytrøy til Bømlo-nytt.

[kontaktperson_single]

1 Comment. Leave new

You must be logged in to post a comment.
keyboard_arrow_up